Flotte Myklebust-ambassadørar på Norway Cup

Gjerdsvika/Gursken J14

Gjerdsvika/Gursken J14

Gursken/Gjerdsvika G13

Gursken/Gjerdsvika G13

Dei lokale samarbeidslaga Gursken/Gjerdsvika G13 og Gjerdsvika/Gursken J14 deltok under årets Norway Cup.

Myklebust sin caps kom godt med sidan sola skein og gradestokken nærma seg 35 grader. Vi får høyre at begge laga nådde B-sluttspelet og hadde ei fin oppleving i Oslo. Utover hausten er det vidare spel i dei lokale seriane som gjeld.

Myklebust er stolt sponsor for lokalt barne- og ungdomsarbeid og takkar for den positive profileringa av verksemda vår.