Oppstarts- og testkoordinator

Stillinga som oppstarts- og testkoordinator inngår i teknisk avdeling og er ein del av eit fleirfagleg prosjektteam. I sluttfasen i prosjektgjennomføringa har oppstarts- og testkoordinator ei avgjerande rolle i kvalitetssikring og testing av alle system.


Hovudoppgåver og ansvar:

  • Utarbeide og samordne testplan

  • Koordinere gjennomføring av testar

  • Sikre god dialog med produksjonsleiinga internt

  • Sikre god dialog eksternt med utstyrsleverandør, klasse/myndigheit og kunde

  • Sikre god dokumentasjon på utførte testar

  • Bidra til å utvikle god systematikk og arbeidsmetoder i gjennomføring av tester ved verftet

 
Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Ingeniør, teknisk fagskule eller maritim utdanning. Relevant arbeidserfaring kan erstatte krav til utdanning.

  • Solid erfaring frå skipsbygging, utstyrsleverandør eller maritim erfaring

  • Gjerne kjennskap til regelverk innan klasse/myndigheit

  • Kommunisere godt på engelsk og norsk, munnleg og skriftleg

  • Trivst i ein hektisk arbeidskvardag

  • Løysingsorientert

  • Skapar tillit og god til å bygge relasjonar

  • Arbeidar systematisk og målretta

  • Stor arbeidskapasitet og sterk driv

 
Myklebust Verft tilbyr:

  • Varierte og pulserande prosjekt

  • Fagleg utviklande oppgåver

  • Godt arbeidsmiljø

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

  • Konkurransedyktige vilkår

 
Arbeidsstad er Myklebust Verft i Gursken.
100%-stilling.

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:
Konstituert teknisk sjef Tor Inge Nordmo, tlf. 91834370
Rådgjevar Kathrine Holstad, tlf. 92030036

Søknadsfrist 1.mars
Send søknad og CV til myklebust.HR@myklebustverft.no