Prosjektleiar

Som prosjektleiar har ein totalansvar for eit tildelt prosjekt -  både kvalitet, leveransetidspunkt og kommersielt. Prosjektleiar får tildelt eit fleirfagleg prosjektteam som saman skal skape eit godt resultat for kunden og for verftet. Stillinga inneheld ikkje personalansvar. Teknisk sjef er næraste leiar.


Hovudoppgåver og ansvar:

  • Ansvar for dialog med kunden

  • Ansvar for prosjektgjennomføring, både kvalitet, leveransetidspunkt og kommersielt

  • Ansvar for å leie tildelt prosjektteam

  • Ansvar for rapportering til leiinga

  • Bidra til å utvikle verftet sin prosjektstyringsmodell og metoder  


Ønska kvalifikasjoner og personlege eigenskapar:

  • Ingeniør/sivilingeniør eller maritim utdanning. Erfaring kan erstatte krav til utdanning.

  • Solid erfaring frå skipsbygging, designselskap eller anna relevant teknisk arbeid

  • Erfaring som prosjektleiar, også økonomisk rapportering

  • Gjerne god kjennskap til regelverk innan klasse/myndigheiter

  • Kommunisere godt på engelsk og norsk, munnleg og skriftleg

  • Løysingsorientert

  • Skaper tillit og god til å bygge relasjonar

  • Arbeidar systematisk og målretta

  • Stor arbeidskapasitet og sterk driv

 
Myklebust Verft tilbyr:

  • Varierte og pulserande prosjekt

  • Fagleg utviklande oppgåver

  • Godt arbeidsmiljø

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

  • Konkurransedyktige vilkår

 
Arbeidsstad er Myklebust Verft i Gursken. Noko reiseverksemd må påreknast i denne stillinga.
100%-stilling.

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:
Konstituert teknisk sjef Tor Inge Nordmo, tlf. 91834370
Rådgjevar Kathrine Holstad, tlf. 92030036

Søknadsfrist 1.mars
Send søknad og CV til myklebust.HR@myklebustverft.no