Site Manager skrogbygging utland

Stillinga som Site Manager skrogbygging utland er ei nyoppretta stilling ved verftet og vil innehalde både operativt og fagleg ansvar.


Hovudoppgåver og ansvar:

  • Fagleg ansvar for kontrakt med skrogbyggingsverft i utlandet

  • Ansvar for dialog med skrogverftet som underleverandør

  • Ansvar for oppfylgjing av framdrift og kvalitet på skrogbygging

  • Rapportere kvalitet og framdrift i skrogbygginga til prosjektleiar

  • Sikre god og løpande kontakt med prosjektteamet og produksjonsleiing

  • Sikre god overlevering av all relevant informasjon til produksjonsorganisasjonen når utrustningsperioda ved Myklebust Verft startar opp

  • Bidra til å utvikle metoder for god systematikk og rapportering frå oppfylgjingsarbeidet ved skrogverftet


Ønska kvalifikasjonar og personeleg eigenskapar:

  • Ingeniør, teknisk fagskule eller maritim utdanning. Relevant erfaring kan erstatte mangel på utdanning.

  • Solid erfaring frå skipsbygging og stålarbeid spesielt

  • Gjerne erfaring frå prosjektleiing og økonomisk oppfylgjing/ rapportering

  • Gjerne kjennskap til regelverk innan klasse/myndigheiter

  • Kommuniserer godt på engelsk og norsk, munnleg og skriftleg

  • Løysingsorientert

  • Skaper tillit og god til å bygge relasjonar

  • Arbeidar systematisk og målretta

  • Stor arbeidskapasitet og sterk driv

 
Myklebust Verft tilbyr:

  • Varierte og pulserande prosjekt

  • Fagleg utviklande oppgåver

  • Godt arbeidsmiljø

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

  • Konkurransedyktige vilkår

 

Hovudarbeidsstad er skrogbyggingsverft i utland, med fast turnus- og avspaseringsordning.
100%-stilling.

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:
Konstituert teknisk sjef Tor Inge Nordmo, tlf. 91834370
Rådgjevar Kathrine Holstad, tlf. 92030036

Søknadsfrist 1.mars
Send søknad og CV til myklebust.HR@myklebustverft.no