Teknisk sjef

Stillinga som teknisk sjef er ei nyoppretta stilling ved verftet og vil innehalde både operativt og strategisk ansvar. Teknisk sjef rapporterer til dagleg leiar og er med i leiargruppa. Stillinga inneheld personalansvar for om lag 10 medarbeidarar.

Hovudoppgåver og ansvar:

  • Fagleg ansvarleg for kontrakt med design- og engineeringselskap

  • Fagleg ansvarleg for teknisk underlag til både nybyggingsprosjekt og ettermarknadsoppdrag

  • Gje god teknisk støtte i salsarbeid, i prosjektgjennomføring og til produksjonsorganisasjonen. Vere sparringspartner internt og eksternt for å finne dei gode løysingane i tekniske spørsmål

  • Sikre god og løpande kontakt med designselskap, utstyrsleverandørar, klasseselskap og myndigheiter

  • Utvikle framtidsretta arbeidsmetodar og system

  • Utvikle verftet si samla tekniske kompetanse, samt sikre rett rekruttering

Kompetanse:

  • Ingeniør/sivilingeniør

  • Solid erfaring frå skipsbygging, designselskap eller anna relevant teknisk arbeid

  • God kjennskap til regelverk innan klasse/myndigheiter

  • Erfaring og nettverk frå maritim bransje

  • Leiarerfaring, både fagleg og personalmessig

  • Kommunisere godt på engelsk og norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsorientert

  • Skaper tillit og er god til å bygge relasjonar

  • Arbeidar systematisk og målretta

  • Stor arbeidskapasitet og sterk driv

Arbeidsstad er Myklebust Verft i Gursken. Noko reiseverksemd må påreknast i denne stillinga.
100% stilling

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:
Dagleg leiar Inge-Jonny Hide, tlf. 91199579
Rådgjevar Kathrine Holstad, tlf. 92030036

Søknadsfrist 8. april 2019
Send søknad og CV til myklebust.HR@myklebustverft.no