myklebust_dokk_2.jpg
 

HMS

Myklebust Verft sin HMS-politikk skal settast inn i ein samanheng som gjer verksemdene våre til arbeidsplassar der dei tilsette trivast, der lover vert følgde, kundar vert tilfredse og drifta vert lønsam.


HMS-verksemd i Myklebust Verft skal fremme:

  • Godt arbeidsmiljø

  • Ivaretaking av sikkerheita til dei tilsette

  • Vern mot helse- og miljøskader frå produkt og arbeidsprosessar

  • Hindre forureining av det ytre miljø

Nøkkeltal for HMS 2017:

  • Sjukefråver: 7,4% 

  • Antal personskadar: 8

  • Sorteringsprosent (mål 90%): 70,0%

 
myklebust_dokk.jpg
 

Miljø

Vår verksemd påverkar omgjevnadane lokalt gjennom produksjonsanlegg, og globalt ved at dei skip vi produserer ferdast verda over. Vi skal ha kontroll over miljøpåverknaden frå bedrifta vår, og drive slik at vår aktivitet gjev minst mogleg negativ påverknad. 

 

  • Vi skal følgje offentlege miljøkrav som gjeld for vår verksemd

  • Vår aktivitet skal føre til minst mogleg miljømessig ulempe for omgjevnadane våre

  • Vi skal ha tydelege miljømål basert på risikoanalyser, og program for oppfølging av desse

  • Vi skal arbeide for kontinuerlig forbetring av miljøprestasjonane våre

  • Vi skal sikre at alle i vår organisasjon kjenner våre miljømål og korleis vi arbeider for å kontrollere vår miljøpåverknad

  • Vi kommuniserer vår miljøprestasjon internt og eksternt

Kvalitet

For gamle og nye kundar skal vi i lag med våre samarbeidspartnarar vere eit godt og trygt verft å kome til.
 

  • Gjennom dialog og samhandling skal vi sikre kvalitet i alle ledd og bygge tillit hjå kunden vår

  • Vårt mål er at kunden skal oppleve at vi er til å stole på, at vi leverer god kvalitet til rett tid, og at våre produkt og tenester innfrir kunden sine krav og forventningar

  • Kvaliteten på arbeidet vi leverer skal vere eit konkurransefortrinn for oss

  • Vi skal gjere ting rett første gang, og ha effektive system for erfaringsoverføring

  • Vi skal systematisk utvikle både den praktiske kunnskapen i organisasjonen og høg formal/teoretisk kompetanse

  • Vi skal aktivt arbeide for stadig forbetring av våre prosessar, tenester og produkt.