Skipsbygging

Her finn du informasjon om fartøy innan ulike marknadssegment, levert frå Myklebust Verft. Komplett referanseliste med alle fartøy levert frå verftet finn du under Ordrar og referansar

 
 

Offshore

Ei lang rekkje skipstypar er sentrale støttefartøy i den globale oljeindustrien til havs. Myklebust har levert ei rekkje nybygg til norske og internasjonale kundar innan seismikk, forsyning, ankerhandtering og fleirbruks-/konstruksjonsskip.

Sjå leveransar til offshore her.

Havbruk og fiske

I heile verksemda si historie har der vore fiskefartøy på kundelista. Det starta med vedlikehald og motorisering av fiskeflåten. I nyare tid er det levert fleire moderne fiskefartøy innan ringnot og trål. Vi har også teke steget inn i havbruksnæringa med bygging av slaktefartøy og brønnbåtar.

Sjå leveransar til havbruk og fiske her.

Anna spesialfarty

I tillegg til offshore og fisk er andre spesialfartøy ein del av vår marknad. Heile 8 kystvaktfartøy er levert til norske og internasjonale kundar. Også ulike typar lasteskip og ferjer inngår som viktige referansar. Dei ulike marknadssegmenta har jamt konjunktursvingingar og det å raskt kunne omstille til ulike segment er viktig for Myklebust.

Sjå leveransar til anna spesialfarty her.