18 under 25

På bilete frå bak: Leonard Mwamba, Gard Olav Øye, Joakim Andreas Hofseth Hatløy, Nils Schneider, Gunnar Oslandsbotn, Alfred Helde Ulvestad, Børge Sævik Rødseth, Andrzej Wajchert, Victoria Moldskred, Martin Hauge Leikanger, Mateo Souto, Maria Victori…

På bilete frå bak: Leonard Mwamba, Gard Olav Øye, Joakim Andreas Hofseth Hatløy, Nils Schneider, Gunnar Oslandsbotn, Alfred Helde Ulvestad, Børge Sævik Rødseth, Andrzej Wajchert, Victoria Moldskred, Martin Hauge Leikanger, Mateo Souto, Maria Victoria Tarberg Hageselle, Thomas Frekøy Skeide, Andrea Bondhus Myrvoll, Jan Peter Skrede Gjerde. Ikkje tilstades på bilete: Sander Iversen, Daniel Brekke, Lona Tollås Remøy.

Fredag 21. februar er det 18 tilsette under 25 år på Myklebust.  

Fredag 21. februar er det 18 tilsette under 25 år i sving på Myklebust Verft. Dei aller fleste er i faste kontraktar, medan nokre nyttar vinterferien til å jobbe på verftet. Om vi summerer opp den yngre garde så har vi tre lærlingar på avdelingane maskin og rør. Frå Tussa-IKT har vi fast ein IKT-lærling. To av dei er TAF-elevar som vekslar mellom to dagar i veka på verftet og tre dagar i veka ved Ulstein vidaregåande skule. I vinterferien arbeider desse fulltid som ein del av TAF-opplegget. Vi fann også relevante oppgåver til to som har vinterferie frå byggfag-linja. Tre av våre tilsette studerer ved Teknisk fagskule i Ålesund. Desse nyttar fridagar og feriar til å fylle på studiebudsjettet. Og, sjølvsagt er dei fagarbeidarar i botnen og går rett inn i vår produksjon. Til slutt nemner vi dei sju faste fagarbeidarane i gruppa på dei 18 under 25 år.

Det er veldig kjekt med dei unge med på laget og vegen inn i framtida, seier HR- og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker. Dei unge sit med mykje ny kunnskap og spennande innspel som passar godt i kombinasjon med dei andre tilsette med meir erfaring hos oss.

God tilgang på oppdrag gjer at vi har ekstra mulegheiter til å jobbe aktivt med framtidas arbeidstakarar.

 

Ida Bigset Storaker
HR- og organisasjonssjef