HMS-policy
Myklebust Verft og våre tilsette skal prioritere helse og sikkerheit på arbeidsplassen for alt personell og skal etablere driftsprosedyrer som sikrar trygge arbeidsoperasjonar i alle delar av vår verksemd.
Våre mål er:
Ingen ulykker
Forebygge alle helseskader
Skape eit sunt og trygt arbeidsmiljø for både tilsette og leverandørar
Utvikle individuelt personleg ansvar for helse og sikkerheit
Etablere og implementere ein prosess for aktiv deltaking for dei tilsette
Kontinuerleg forbetre våre helse-, miljø- og sikkerheitsstandardar.
For å oppnå dei ovannemnde måla, krevst følgjande innsats av alle våre tilsette:
Opptre ansvarleg for å forhindre skade på seg sjølv eller andre
Rapportere ei kvar ulykke, farlege hendingar, nesten-ulykker eller potensielle risikoar for helse og sikkerheit, samt delta aktivt i ei kvar påfølgande handling og etterforsking, utan frykt for konsekvens
Aktivt delta i utvikling og implementering av våre HMS-rutinar
Sørg for at alt utstyr som vert levert av HMS-messige hensyn er lett tilgjengeleg etter behov og at dette vert korrekt brukt.
Policyen gjeld likt for tilsette, underleverandørar, konsulentar, kundar og andre tredjepartar som utfører arbeid for, eller handlar på vegne av Myklebust Verft.