Myklebust som arbeidsgivar

På Myklebust er vi stolte av å representere over 100 år med skipsbyggarhistorie. Engasjerte medarbeidarar er vår viktigaste ressurs. I kombinert med høg satsing på kompetanse vil dette sikre oss konkurransefortrinn dei neste 100 år.

 
 

 

Myklebust Verft har om lag 150 tilsette fordelt på 15 avdelingar. Dei internt tilsette på verftet representerer åleine over 55 ulike stillingar og titlar. Vidare samarbeider vi tett med underleverandørar og kundar i ein kompleks bransje som ligg langt framme når det gjeld nyskaping og utvikling.  

Vi arbeider aktivt for å vere eit berekraftig og fleksibelt verft. Berekraft og utvikling er viktig for alle våre tilsette, og er med på å trygge arbeidsplassane våre også i framtida. Dette kan du lese meir om under Berekraft.

 

Ledige stillingar

Vi treng fleire dyktige skipsbyggarar med på laget.

Lærebedrift

Vi er godkjend lærebedrift og tek kvart år inn lærlingar.

 

dekor_web.jpg