Eit fleksibelt verft

Med godt handverk og fokus på berekraft skaper vi verdiar for kundane våre. Vi tilbyr nybygg, ombygging, reparasjonar og vedlikehald med fasilitetar for dokking opp til 15.000 tonn og 420 meter med kai. Vi er ISO 9001 og 14001 sertifisert, vi jobbar aktivt med FN sine berekraftsmål i strategien vår og har livsløpsperspektiv på tenestene vi leverer.

 
 

Nybygging

Myklebust Verft er eit uavhengig skipsverft som utviklar prosjekt i tett samarbeid med reiarlag, designar og leverandørar. Hos oss får du skreddarsydd og optimalisert fartøyet både med omsyn til ytelsar, kapasitetar, energieffektivisering og framtidas teknologi. Vi er eit fleksibelt verft som gjennom solid kompetanse og unik erfaring leverer fartøy i verdsklasse. Våre leveransar går mellom anna til fiskeri, havbruk, offshore og transport.

Ta kontakt for informasjon om kva vi kan tilby.

Sjå referansefartøy nybygg her.

Ombygging

Som kombinasjonsverft har Myklebust Verft ei unik gjennomføringsevne på ombyggingar innanfor ei rekke ulike område og segment. Med kompetanse innan prosjektstyring frå nybygg og gjennomføringsevne frå reperasjonsaktiviteten gir vi kunden eit produkt som varetek både krav til kvalitet og leveringstid. Oppgraderinga av Richard With for store utsleppsreduksjonar er Europas største miljøombygging. Vi kan hjelpe deg med å gjere dine skip klare for nye oppdrag i møte med framtidas miljøkrav.

Ta kontakt for informasjon om kva vi kan tilby.

Sjå referansefartøy ettermarknad her.

dokk-dock-myklebust-verft

Dokking og reparasjon

Med ei dokk som løfter 15.000 tonn og har bredde på 28,9 meter kan vi ta imot nær alle fartøy som opererer langs kysten vår. Kombinert med vår store skipstekniske kompetanse og kort veg til ei rekke utstyrsleverandørar gjennomfører vi dokking, reparasjon, vedlikehald, klassingar og asbestsanering med fokus på auka levetid og kort gjennomføringstid.

Ta kontakt for informasjon om kva vi kan tilby.

Sjå referanseprosjekt her.

Kapasitet

  • 3-6 prosjekt i parallell

  • Flytedokk på 168,5 x 28,9 m

  • Kraner 50 T / 20 T / 2x15 T

  • Kailengde 420 m / 320 m dokk

  • Arbeidskapasitet for 800 personer

  • Landstraum 690 V

  • ISPS kai

  • 40 km frå Ørsta Lufthavn

  • 80 km frå Ålesund Lufthavn

Kapasitet dokk

  • Løfteevne: 15.000 Tonn

  • Lengde: 168.5 m

  • Bredde fender: 28.9 m

  • Innvendig bredde: 31.4 m

  • Kraner: 2 x 15 T

  • Recess for thruster: 2 stk - 5,76 x 5 x 2 m

 
dekor_web.jpg