Om Myklebust Verft

Myklebust Verft er eit kombinasjonsverft som leverer nybygg, ombyggingar, reparasjonar og service til kundar innan passasjer, offshore service, fiskeri og oppdrett.

 

Myklebust Verft tilbyr fasilitetar for dokking opp til 15.000 tonn og kan ha opp mot 800 personer i arbeid på 3-6 prosjekt parallelt.

dekor_web.jpg

Verftet vart grunnlagt av smeden Oskar Myklebust i 1915 og har gjennom historia hatt ulike eigarar. Mellom 2001 og 2018 var Myklebust Verft ein del av Kleven-konsernet. Sidan har vi utvikla oss som frittståande og uavhengig verft. Fokus på berekraft, godt handverk og dyktige fagfolk er nøkkelen til suksess for Myklebust. Vi har om lag 150 fast tilsette, er ISO 9001 og 14001 sertifisert og jobbar aktivt med FN sine berekraftsmål i strategien vår. Vi tilbyr fasilitetar for dokking opp til 15.000 tonn og kan ha opp mot 800 personar i arbeid på 3-6 prosjekt parallelt.

 
 
myklebustosen.jpg

Nytt frå Myklebust