Fransk dåp av Myklebust-trålar

Emeraude – som er fransk for smaragd – klar for dåp ved kaia i Saint-Malo.

Emeraude – som er fransk for smaragd – klar for dåp ved kaia i Saint-Malo.

 

Laurdag 06. oktober blei den tredje trålaren i ein serie på fire like, basert på Rolls-Royce design, døypt i hjertet av den franske byen Saint-Malo.

Myklebust Verft leverte bygg 395 – Emeraude – den 26. april i år til eit fransk selskap eigd av Compagnie des Pêches Saint-Malo og Comptoir des Pêches d’Europe du Nord. Ti-femten nasjonalitetar var representerte og reiarlaget hadde lagt opp til ei storstilt feiring med rundt 400 gjestar på sjølve dåpsseremonien på kaia. Gudmor var Rose Parleviet som er kona til ein av eigarane av Euronor-selskapet.

Alle dei fire trålarane Berlin, Cuxhaven, Emeraude og Kirkella er leverte og i fullt fiskeri. Fartøya operer ut frå basar i Cuxhaven (Berlin og Cuxhaven), Saint-Malo (Emeraude) og Hull (Kirkella). Tilbakemeldingane har vore gode på deira prestasjonar som effektive og moderne fiskefartøy og ser ut til å bli nok ein god Myklebust-referanse ute i marknaden. Litt tilfeldig har alle no vore inne samstundes med fulle lasterom og levert sine fangstar. Følgjet frå ytre søre Sunnmøre var innom reiarlaget sin lokale fiskebutikk og fann varer frå jomfru-turen til «Emeraude». Den moderne fabrikktrålaren leverer ferdige butikk-pakkar på knappe kiloen av ulike fiskeslag.

 
Lokale representantar: Frå venstre Inge-Jonny Hide (Myklebust Verft), Terje Hareide (Optimar), Monrad Hide og Robert Vorren (begge Rolls-Royce).

Lokale representantar: Frå venstre Inge-Jonny Hide (Myklebust Verft), Terje Hareide (Optimar), Monrad Hide og Robert Vorren (begge Rolls-Royce).