Myklebust sidan 1915

For over hundre år sidan sette Oskar Myklebust opp ei smie i Myklebustosen i Sande. Elden var tent. Sidan då har det vore smidd og sveisa, hamra, banka og bygd i denne smia som vaks bit for bit til verft.


Tekst: Torill Myren, frå boka 'Bit for bit - båt for båt' 2015.


Klangen frå hammaren til Oskar lokka gutane inn å sjå. Det flamma opp i essa. Jarnet glødde raudt og slag for slag vaks det fram. Oskar Sigvald Myklebust vart fødd 11. juli 1890. Han var eldstesonen til Johan, snikkar og bygningsmann og sonesonen til Ola, bygningsmann. Oskar hadde arva handelaget etter faren og farfaren. Etter eit halvt år med smedkurs og arbeid på verkstader i Volda og Romsdalen, starta han for seg sjølv i kjellaren heime. Men kjellaren vart snart for liten. Der var ikkje plass til lange armslag.

I 1915 sto smia i Myklebustosen ferdig. Seks gongar atten meter gav plass til to avdelingar. Ei smie og ein verkstad. Opne båtar vart erstatta av dekksbåtar. Segla vart pakka vekk og båtane fekk motor. Båtane vart større og tyngre og reparasjonsarbeid som før hadde føregått i alle heimefjører og støer, måtte gjerast på renne og slipp. Smia i Myklebustosen vart skipsverkstad. Og utrustningsverft. I pengetidene som følgde med første verdskrig bygde fiskarane seg dekksbåtar, og mange av desse vart slepte til Myklebust og fekk seg inn motor der. Båtbyggjarane leverte snaue skroga, og hos Oskar vart skroga utrusta med rigging og takling, ristjarn og jarnbeslag på ror og master. Spel, sildegarnrull og anna utstyr til fiskeri vart også montert. Båtane vart leverte frå Oskar ferdig til drift.

Same året som smia sto ferdig, i 1915, vart Oskar far. Erling kom til verda. Då Erling hadde fått prestehanda på seg, kom han i arbeid i smia. Han var 15-16 år gamal, og har sagt at det ikkje var så mykje arbeid han gjorde.

- Det eg mest hjelpte til med, var slippsetjing og med å bruke hammaren når far arbeidde i smia. Han heldt det glødande jarnet på ambolten, og eg slo. Det var det første eg lærde.

 


Vil du høyre meir av historia - eller snakke framtid?
Kontakt oss for ein drøs på kaikanten.