Sanco Sword i dokka

sanco-sword-hekk.jpg
 

Den romslege flytedokka har stadig nye prosjekt å handtere. I starten av september 2018 var det seismikkfartøyet Sanco Sword som var innom for 5-års klassing. Sanco Sword høyrer til Sanco Shipping i Gjerdsvika og blei levert ny frå Myklebust i mars 2014. Tidlegare i vår var også søsterskipet Sanco Swift innom for å få utført same jobben.

 
 

Inspeksjon av fartøy før utdokking: Frå venstre kaptein i Sanco Shipping, Arild Breivik, arbeidsleiar overflate Vidar Sandnes og prosjektleiar ettermarknad Kevin André Søvre Myklebust.

Therese Myrene Aurvåg