Myklebust med ny kontrakt for Sølvtrans

Signert-kontrakt-web-III.jpg

Myklebust Verft har inngått kontrakt med Sølvtrans Rederi om bygging av ein ny brønnbåt.

- Dette er ein fantastisk dag for alle oss ved Myklebust Verft, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved verftet som leverte to brønnbåtar til det same reiarlaget i 2017. - At Sølvtrans, som er verdast største brønnbåtreiarlag, vel å kome tilbake for å bygge meir hos oss er ei stor tillitserklæring. Strategisk jaktar vi på prosjekt der vi har mest muleg kjende faktorar for å redusere risiko. Derfor er det ekstra godt nytt for oss at Sølvtrans kjem tilbake og at vi kjenner både kunden, designet og teknologien i prosjektet godt.

- Vi har svært gode erfaringar med Ronja Ocean og Ronia Diamond som vi fekk bygt på Myklebust og ser fram til å utvikle samarbeidet vidare, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk. Og så er det ekstra hyggeleg å kunne bygge ved verftet i Sande kommune der Sølvtrans-reiarlaget har sine røter, seier Roger.

 
Kongsberg-NVD-389-III-web.jpg
 

Den nye brønnbåten får bygg nr. 75 ved Myklebust Verft og skal leverast i mars 2021. Designet er basert på Kongsberg NVC 389. Samanlikna med dei to førre brønnbåtane vi leverte til reiarlaget, er lastekapasiteten auka frå 3200 m³ til 4000 m³. Dette har ein oppnådd ved å auke skroglengda med 7,2 meter. Skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San.

- I lag med våre tilsette, leverandørar, kundar, eigarar og bankar har vi lagt bak oss ein svært krevjande periode. Derfor vil nok dagens kake-feiring av denne svært viktige kontrakten smake ekstra godt, avsluttar Inge-Jonny Hide.

For meir informasjon, ta kontakt med;
Inge-Jonny Hide, dagleg leiar i Myklebust Verft AS, mobil 911 99 579
Roger Halsebakk, reiar og CEO i Sølvtrans Rederi AS, mobil 908 63 289

Therese Myrene Aurvåg