Kven er vi i dag

Myklebust.jpg

Dagen i dag er torsdag 24. oktober 2019. Dagen etter at Sparebank 1 SMN, Sparebank 1 Nordvest og Sparebank 1 Søre Sunnmøre har presentert sitt konjunkturbarometer. Naturleg nok kjem der oppslag i media etter ein slik presentasjon. Sjølvsagt er også vår maritime industri og verfta, som vi på Myklebust er ein del av, omtala.

Sunnmørsposten fyl opp med stort oppslag der «Slit med rekrutteringa» er overskrifta (side 11, torsdag 24. oktober 2019). I artikkelen står der mellom anna:

«-Vi må sjå oss rundt her på Sunnmøre. Anten du besøker eit verft eller eit hotell så møter du nesten ikkje norske tilsette, men vi er i ein region med behov for kompetent arbeidskraft. I næringar der det ikkje er behov for tilsette med utdanning, blir alt henta frå utlandet, seier Hurlen».

 

Er det slik?

Eg kjende desse setningane «stakk» litt. Er det verkeleg slik om nokon kika innom verftet vårt her i dag? Det blei vanskeleg å ikkje stoppe opp. Vanskeleg å gå vidare utan å gje ein kommentar til utsegnet som kom fram i artikkelen.

 

Kven er vi 377

Ein sjekk på kor mange vi er på Myklebust Verft torsdag 24. oktober 2019 kl. 10:02 viser at vi er 377 personar inne på verftsområdet som arbeider med fire båtar for norske reiarlag: AKOFS Seafarer (brønnintervensjonsfartøy), Remøy (trålar) og Sanco Sea og Sanco Sky som er støttefartøy innan seismikk. I tillegg har vi to tilsette som fyl opp bygginga av eit skrog til oss i Tyrkia.

Medrekna mannskapa som er om bord i desse fartøya er 201 av 377 personar inne på verftsområdet nordmenn. Og så kan ein spørje seg i kva grad dette er relevant?

132 av dei 377 er eigne faste tilsette. Både mannskap på båtane og våre underleverandørar har ein miks av nordmenn og tilsette med utanlandsk bakgrunn. Forøvrig er det store fleirtalet av våre gjestearbeidarar tilsette i norske aksjeselskap, der dei tilsette også betalar skatt til Norge.

På same tidspunkt viser vårt adgangskontrollsystem at her er 31 ulike norske aksjeselskap representert inne på verftsområdet og utfører sine tenster på våre prosjekt. Dømer kan vere Brunvoll, Kongsberg, Siemens, Baader, Dimo, Hareid Group, National Oilwell, Vinje Industri, Ecolab, Survitec, ScanCon, Rem-Pol og Pipe Systems Engineering.

 

Rekruttering

I 2019 har vår verksemd så langt tilsett 18 nye medarbeidarar. Av desse er 12 fødde i Norge. Samtlege av dei 18 bur i Norge. I tillegg kjem fem nye lærlingar og TAF-elevar. Altså samla 23 nye på vår lønningsliste. I sommar hadde vi gleda av å gje arbeid til 6 unge ferievikarar. På toppen av dette har vi tre tilsette som jobbar her fast når dei har fri frå fagskule-utdanninga.

 

Kompetanse

Eg meiner at alle våre posisjonar i verksemda er kompetansearbeidsplassar. Og der det er få år med formell utdanning er det ikkje det same som om at våre tilsette eller tilsette hos underleverandørar ikkje har kompetanse. Uavhengig av type stilling og nasjonalitet. I dag utfører vi sveise- og montasjearbeid i toppen av det 60 meter høge tårnet på AKOFS Seafarer. Vi monterer også nye energiløysingar om bord som snart skal testast ut. Vi overhalar maskineri og utstyr og vi konstruerer og monterer nye løysingar om bord i alle fartøya som ligg hos oss. Vi utfører ingeniørarbeid og vi har merkantile funksjonar som styrer med til dømes økonomi, HR og HMS. Og vi tek oss av alle dei som kjem til verftet - anten dei skal jobbe her eller treng mellombels bustad i den tida dei er her. Skulder ved skulder går vi 377 personar i lag kvar med sin viktige kompetanse og bakgrunn.

 

Framtid

Vi er heilt avhengige av å kunne nytte ressursar frå utsida av verftet – det vere seg norske tilsette eller tilsette med utanlandsk bakgrunn. Etter nokre krevjande år på Myklebust så ser vi framover og søkjer fleire dyktige fagarbeidarar. Satsinga på yrkesfag er også for vår næring ei utfordring som vi i lag med samfunnet elles må ta vår del av ansvaret for å løyse. Då treng vi å gjere godt arbeid for våre kundar, vere lønsame og syne framtidstru.

Ein del av dette er at vi også må ta oss tida til å tilføre nyansar til utsegnene som kjem fram i nemnde artikkel.

Ha ein god og trygg arbeidsdag vidare.

Mvh
Inge-Jonny Hide, dagleg leiar.

 

DagleglivGuest User2019