MAFOSS 50 år - vi gratulerer

149734_thumb.jpg

I dag er det 50 år sidan MAFOSS blei skipa, tidlegare med namnet Verkstedforeninga i Ulstein Distrikt og ei helsing er på sin plass.

I 1991 var eg så heldig å få høve til å få min første, skikkelege faste jobb. Attpå til på Kleven (då Kværner Kleven) og med eitt stod ein øybuing frå «utanfor allfarveg – heldigvis» med jobb i ei sentral verksemd midt i hjerte av den maritime klynga.

Noko av det eg minnast frå desse første åra var møtet med Verkstedforeninga. Eg hugsar mange politiske saker som blei løfta fram både innan nærings-, samferdsels- og utdanningspolitikk. Det blei jobba aktivt med tema som til dømes verftsstøtte, store samferdselsprosjekt som Eiksundsambandet og yrkesfagutdanning og etter kvart TAF-linja.

MAFOSS blei den lokale, maritime næringsforeininga som løfta fram viktige felles saker på vegne av verksemdene og næringslivet elles i regionen. Påverknaden blei retta både mot lokale politikarar, på fylkesnivå og ofte også på regjerings- og stortingsnivå. Som vi veit er alle desse politiske tema også relevante i dag.

Etter starten for 50 år sidan har det kome fleire utval i sving i MAFOSS. Og, her møtast representantar frå dei mange verksemdene og det blir jobba med felles utfordringar. Ikkje minst gjeld dette innan opplæring. Det er opplæringsringen i MAFOSS som i stor grad tek seg av organiseringa av læreprogramma for lærlingane til medlemane sine verksemder.

Eg minnast også dei mange samlingane – då på gamlehotellet oppe på Varleite – som eg meiner hadde tittelen «Møteplassen»? Her var terskelen lav for å møtast. På talarstolen fekk vi oppleve våre lokale næringslivsleiarar som fronta viktige tema for verksemdene og regionen. Representantar frå Mørebenken måtte svare for seg. Og, ulike kapasitetar frå andre nasjonale og internasjonale verksemder kom til Ulsteinvik for å presentere det nyaste av det nye. I salen var der mange tilhøyrarar på tvers frå alle verksemdene og i pausane blei det mingling i «clusteret». Det å samarbeide når ein kan og konkurrere når ein må var melodien også i desse fora.

Eg meiner regionen vår har mykje å takke dei som i si tid stod i bresjen for å skipe denne «dugnadsforeininga» og det arbeidet som har vorte lagt ned på vegne av både den maritime næringa og regionen elles.

Framtid?

MAFOSS og medlemane arbeider no med strategien for dei neste åra. Eg meiner fellesskapstanken som opphavet stod for, framleis er relevant. Det spennande prosjektet Skaparhuset er eit ferskt døme der MAFOSS er med og spelar ei rolle.

Vi treng å samlast både når tidene er gode og ikkje minst når der er mørke skyer og store, felles utfordringar som må løysast. Det er godt å høyre til ein plass og det gjer berre godt om fellesskapet er større enn si eiga verksemd.

Vi på Myklebust vil heie på MAFOSS og meiner at næringslivet på Ytre Søre Sunnmøre treng å ha eit felles talerør og ein felle arena og treffast på.

Lykke til med jubileét og framtida.

Med helsing,
Inge-Jonny Hide, dagleg leiar






DagleglivGuest User2019