Vi og TAF

F.v.: Daniel Brekke (tidlegare TAF-elev ved Kleven), Joakim Andreas Hofseth Hatløy (nyoppstarta TAF-elev), Victoria Moldskred (tidlegare TAF-elev ved Myklebust), Lona Tollås Remøy (tidlegare TAF-elev ved Myklebust), Mateo Souto (nyoppstarta TAF-elev…

F.v.: Daniel Brekke (tidlegare TAF-elev ved Kleven), Joakim Andreas Hofseth Hatløy (nyoppstarta TAF-elev), Victoria Moldskred (tidlegare TAF-elev ved Myklebust), Lona Tollås Remøy (tidlegare TAF-elev ved Myklebust), Mateo Souto (nyoppstarta TAF-elev) og Thomas Frekøy Skeide (tidlegare TAF-elev ved Myklebust).

Myklebust Verft har fullført, eller er i ferd med å fullføre, den praktiske delen av utdanningsløpet til 19 TAF-elevar sidan Ulstein vidaregåande skule starta med denne linja tilbake i 2003. Kvar av desse elevane har gjennomført, eller er i ferd med å gjennomføre, fire års praktisk opplæring ved verftet der ein til slutt går opp til fagprøve.

Hausten 2019 tok vi opp to nye TAF-elevar ved verksemda og i alt har vi 7 tilsette med TAF-bakgrunn. Fire tilsette jobbar som fagarbeidarar i produksjonen og ein tilsett har utdanningspermisjon. Signala frå tre av våre tilsette med TAF-bakgrunn er at dei satsar på vidare utdanning etter ei tid i produksjon, noko som også har vore tilfelle for dei som tidlegare har vore ved verksemda.

- Vi har valgt å satse både på læringar og på TAF-elevar meiner dette er vegen å gå for å sikre ei god framtid for verksemda. Sjølvsagt er målet å sikre eiga rekruttering, men denne satsinga er noko vi også gjer på vegne av den maritime næringa som vi er ein viktig del av.

Det er fantastisk å oppleve lærevilleg og praktisk interessert ungdom kome til verftet som 16-åringar og følgje den fantastiske utviklinga desse har på dei fire åra som dei er ein del av TAF-opplegget. Å invitere ungdomen inn i verksemda som lærlingar og TAF-elevar er å så for framtida. Og vi trur ikkje det er vegen å gå å ha mindre kombinasjon mellom praktisk og teoretisk læring.

Vi håpar sjølvsagt at fylkespolitikarane lykkast med å prioritere TAF-ordninga og vil gjere det vi kan for å stille opp med attraktive læreplassar til dette føremålet.

Inge-Jonny Hide, dagleg leiar

DagleglivGuest User2019