Myklebust Verft har inngått større ombyggingskontrakt

Myklebust Verft har inngått ei større ombyggingskontrakt med Island Offshore. Forsyningsfartøyet MV Island Condor skal byggast om frå forsyningsfartøy til konstruksjonsfartøy. MV Island Condor vart bygd ved Vard Brevik, og overlevert til reiarlaget i 2014.

MV Island Condor kjem til verftet i starten av april 2024. I løpet av eit opphald på 5 månadar skal fartøyet forlengast i midtseksjonen inklusiv innreiing, samt få montert offshorekran og helikopterdekk. Vidare skal det byggast ein ROV hangar, og fartøyet skal utrustast med ein større batteripakke. Etter levering i august 2024 skal fartøyet etter planen rett i operasjon. Både for verft og reiarlaget har det vore viktig å nytte seg av leverandørar av utstyr og tenester frå den lokale maritime klynga.

- Vi er glade for at Island Offshore igjen har valt Myklebust Verft som samarbeidspartnar. Samarbeidsforholdet mellom Island Offshore og Myklebust strekker seg langt tilbake i tid. Vi ser det som nok ei tillitserklæring frå reiarlaget at vi igjen har blitt valt for eit så stort og viktig oppdrag, seier Kristin Hide dagleg leiar i Myklebust Verft.

Kontaktinformasjon:
Kristin Hide
Dagleg leiar
Myklebust Verft AS
Mobil +47 992 71 42
E-post: kristin.hide@myklebustverft.no