Vi under 30

I skrivande stund er det 36 tilsette under 30 år på Myklebust Verft. Dei yngste er 16 år og har si fyrste oppleving i arbeidslivet. 20 % av dei 36 er kvinner. 55 % er busett i Sande kommune, og dei resterande i nabokommunane. Medrekna sommarvikarar har Myklebust 156 eigne tilsette.

 
 
 

Talet på sommarvikarar og sommarhjelper i år er 12 og desse jobbar med oss fram mot ferien. Dei fleste gjer forefallande arbeid på verftet, medan nokon av dei er inne på ulike avdelingar for å få feriekabalen til å gå opp. Kvardagen består av grasklipping, måling, fjørerydding og sjauing. Det er alltid hyggeleg å kunne møte unge, nye ansikt som har lyst å jobbe og tene sine første kroner.

Dei resterande 24 er tilsette på fulltid. 7 er lærlingar eller TAF-elevar og er under fagopplæring. 13 av våre yngste er ferdig utdanna fagarbeidarar, og fleire av desse har også teke vidare utdanning etter fagbrevet. Nokon av dei har allereie fått utvida ansvar på våre ulike avdelingar.

Vi er glade for at so mange unge har valt å arbeide i skipsindustrien og ved Myklebust Verft. I ei utfordrande tid er det ekstra gledeleg å kunne tilby arbeid til dei unge som er i ferd med å etablere seg. Kombinert med erfarne tilsette som har vore på verftet i mange år, trur vi dette er oppskrifta for å ta oss inn i framtida.

 
Dagleg leiar Inge-Jonny Hide (t.v.) saman med dei som let seg samle av våre 36 under 30.

Dagleg leiar Inge-Jonny Hide (t.v.) saman med dei som let seg samle av våre 36 under 30.