Utmerkingar til tilsette

Under eit arrangement laurdag 18.06.22 vart fleire tilsette ved Myklebust verft heidra for lang og tru teneste.

Produksjonsleiar Terje Bringsvor starta si karriere på røyravdelinga for 50 år sidan. Han er, saman med Odd Bjarne Borgund, den personen som kan skilte med lengst fartstid gjennom verftet si 107 år lange historie.

Kaare Vestnes vart tildelt si medalje for lang og tru teneste etter at han i fjor hadde vore tilsett ved maskinavdelinga i 30 år. Han har gjennom desse åra opparbeida seg ei lang og god erfaring innan sitt fag, og dette blei markert med denne tildelinga.

Både Kjell Arne Strømsnes og Finn Breivik vart tilsette i 1996 og kunne difor i fjor feire 25 år på Myklebust. Kjell Arne starta i si tid som platearbeidar, og er i dag både ein god støttespelar for lærlingane og ansvarleg for montering av brann- og tryggingsutstyr.  Finn vart tilsett som fagarbeidar på snikkaravdelinga og har sidan 2001 vore produksjonsleiar.

Roger Paul Hauge har arbeidd ved Myklebust i to periodar. Den siste perioden starta han i 2006, då han vart tilsett som prosjektleiar. Han gjekk seinare over til å vere salssjef for nybygg.

Frå venstre. HR-sjef Ida Bigset Storaker, Roger Paul Hauge (15 år), Finn Breivik (25 år), Terje Bringsvor (50 år), Kjell Arne Strømsnes (25 år), Kaare Vestnes (30 år), dagleg leiar Lars Conradi Andersen.