Lærebedrift

Som lærebedrift løftar vi neste generasjon skipsbyggarar inn i den maritime klynga. Slik kan vi fortsette å levere dei skipa framtida etterspør.  

Som lærling på Myklebust Verft får du oppleve ein variert kvardag og prøve ut store delar av dei ulike fagområda. Her får du rullere på dei ulike avdelingane og prosjekta, slik at du får god innsikt i alle område av skipsbygging. Du blir ein del av eit fagleg sterkt miljø med varierte prosjekt.


Myklebust Verft er godkjend lærebedrift innan desse faga:

  • Industrimekanikarfaget

  • Industrirørleggarfaget

  • Platearbeidarfaget