Armin - ny fagarbeidar

Vi gratulerer Armin Bektic med bestått fagbrev i logistikkfaget!

 
Frå venstre: Ann-Camilla Holvik, Bjørn Myklebust (fagprøvenemnda), Armin Bektic og Knut Olav Naustenget (fagprøvenemnda).

Frå venstre: Ann-Camilla Holvik, Bjørn Myklebust (fagprøvenemnda), Armin Bektic og Knut Olav Naustenget (fagprøvenemnda).

Før Armin kom til oss for litt over eit år sidan, var han tilsett på varemottak ved Kleven Verft. På Myklebust jobbar han med kontroll av varer, utlevering, lasting og lossing. Han har god kontakt med folk i produksjon/reiarlag og ordnar det meste ved førespurnad.

Armin likar ein kvardag med varierte arbeidsoppgåver og er fleksibel og trår til der det trengs. Han er ein viktig del av teamet ved varemottak, og bidreg kvar dag til eit godt arbeidsmiljø med positiv innstilling og artige kommentarar.

Armin er busett i Ulsteinvik saman med kona og ein son på snart 3 år.