Ny løysing for landstraum

Frå venstre: Kevin André Søvre Myklebust, prosjektleiar for Sanco Spirit, teknisk sjef Frode Holm, inspektør Jon Aklestad frå Sanco, Sigurd Nordal Eikrem frå leverandøren Hareid Group og bedriftselektrikar Stig Hareide.

Frå venstre: Kevin André Søvre Myklebust, prosjektleiar for Sanco Spirit, teknisk sjef Frode Holm, inspektør Jon Aklestad frå Sanco, Sigurd Nordal Eikrem frå leverandøren Hareid Group og bedriftselektrikar Stig Hareide.

28. april går inn som ein ny merkedag i vår historie, når den første moderne løysinga for landstraum kom på plass. Ei av fleire satsingar som høyrer inn under verftet sin berekraftspolitikk. Landstraumsanlegget kan levere 60/50 Hz frekvens, 400/440/690 V spenning, straumstyrke opp til 700 ampere og har tilkopling etter NEK/IEC 80005-3 standard. Dermed kan verftet tilby landstraum til fartøy som har same standard for tilkopling installert om bord. Teknisk sjef Frode Holm har vore verftet sin prosjektleiar. Anlegget er levert av Hareid Group.


Sanco første kunde

Første fartøy kopla til vart Sanco Spirit frå Sanco-reiarlaget i Gjerdsvika. Inspektør Jon Aklestad var strålande fornøgd med å vere første kunde. Pr. dato leverer anlegget ca 180 ampere til fartøyet. Dermed kan reiarlaget spare drivstoff, gangtid på generatorsett og NoX-avgifter. Miljøet vert spart for utslepp, og både tilsette på verftet og miljøet rundt vert spart for motorstøy.

Oljen vil nok vere viktig i mange, mange år framover - noko oppdraget med ombygginga av Sanco Spirit er eit tydeleg prov på. Men også innan den oljebaserte næringa er berekraft sentrale forretningstema. Neste prosjekt som skal koblast til er nybygget om er under utrustnings for Sølvtrans. Dette vil gje ei mykje enklare testperiode med tilgang til energi utan å måtte køyre motorar unødvendig.

Strategisk satsing

Myklebust har jobba målmedvite med å få flest mogleg av fartøya som ligg inne ved verftet til å nytte landstraum. I 2019 gjaldt dette for 55% av fartøya, medan ein i 2020 nådde heile 77%. Eit viktig moment har vore aktiv dialog med kundane med mål om å kople flest muleg til landnettet. Men for å kunne nå ein ambisjon om 100% så trengs løysingar som den som no er installert.

Svært skuffa over ENOVA

Verftet har prøvd eit års tid å nå gjennom hos ENOVA for å få støtte, på linje med støtte som m.a. går til fartøy som installerer grøne løysingar i inn- og utland. Dessverre er der berre stengde dører å møte for verft, sjølv om vi har ein umiddelbar miljøgevinst med bruk av landstraum. Som for mange aktørar i den maritime næringa har dei fleste verft fått svekka sin likviditet - og manglande støtte gjer at slike investeringar vert sett på vent.

Myklebust Verft har også inngått miljøgaranti-avtale med Tussa som sikrar at all energi som vert nytta på verftet er 100% fornybar.

Her kan du laste ned berekraftsrapporten vår (berre tilgjengeleg på engelsk).

Les om studentar som analyserte landstraum på Myklebust Verft.

DagleglivGuest User2021