Årsrekneskap 2020

Flott-bilde-Myklebust.jpg

Positivt resultat for Myklebust i eit krevjande år

Myklebust Verft hadde ei omsetjing i 2020 på 541 millionar kroner, ein auke frå 380 millionar kroner i 2019. Dette skriv seg i hovudsak frå auka nybyggingsaktivitet, i tillegg til annan ettermarknadsaktivitet. Driftsresultatet enda på 12,4 millionar kroner i 2020 mot 32,3 millionar kroner i 2019. Dette gjev ein driftsmargin på 2,3% knytt til den operasjonelle aktiviteten i konsernet. Årsrekneskapen er gjort opp med eit ordinært resultat før skatt på 4,8 millionar kroner. Årsresultatet utgjer 4,8 millionar kroner. Årsresultatet er mellom anna påverka av finansielle nedskrivingar knytt til investeringar.

(Øvrige selskaps- og konserntal i vedlagt tabell).

Aktiviteten gjennom året

Fjoråret starta bra, men vart frå 12. mars negativt prega av Covid19. Kansellering av oppdrag, utfordringar knytt til smittevernhandtering og bemanning med vedvarande innreiserestriksjonar prega resten av året (og vidare utover i 2021). Verftet gjennomførte likevel 41 prosjekt innan fiskeri, offshore og andre arbeidsbåtar. Det blei dokka 23 fartøy, som gav 210 dokkingsdøgn mot heile 302 året før. Året var prega av lågare aktivitet i høve til forventningane for tredje, og spesielt fjerde kvartal, der store delar av arbeidsstokken også var permittert. I august blei det inngått kontrakt på bygging av ein brønnbåt til reiarlaget Sølvtrans i Ålesund.

Tal (MNOK) for Myklebust Verft AS
Tal frå 2019, 2018 og 2017 i parentes

Myklebust Verft Invest

Konsernet hadde i 2020 ei omsetning på 540 millionar kroner, ei auke frå 379 millionar kroner i 2019. Auka omsetning er knytt til nybyggingsaktivitet og operasjonell aktivitet i Myklebust Verft. Konsernet enda opp med eit driftsresultat på 11,2 millionar kroner i 2020 (mot 30,6 millionar kroner i 2019). Det gir ein driftsmargin på 2,1%. Årsrekneskapen er gjort opp med eit ordinært resultat før skatt på 4,3 millionar kroner. Årsresultatet utgjer 4,3 millionar kroner. Årsresultatet for konsernet er også prega av finansielle nedskrivingar knytt til investeringar.

Tal (MNOK) for Myklebust Verft Invest AS – Konsern
Tal frå 2019, 2018* og 2017** i parentes.

*Første halvår 2018 inkludert fire Kleven-selskap som gjekk ut av konsernet medio 2018
**Inkluderer kun 4. kvartal etter at nytt konsern blei etablert

For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar Inge-Jonny Hide, mobil 91199579.