Leonard ny fagarbeidar

Leonard-Mubenga-Mwamba-Fagbrev.jpg

Leonard tok fagbrev

Leonard Mubenga Mwamba gjekk opp til fagprøve som industrimekanikar i dag – og bestod. Sensorane, Sindre Moldskred (t.v.) og Øyvind Sønnesyn (t.h.) frå prøvenemnda, gjekk gjennom arbeidet som Leonard hadde utført og hadde berre gode ord å melde tilbake til den nye fagarbeidaren.

Leonard kjem frå Ørsta og før han starta som lærling på Myklebust, hausten for to år sidan, gjekk han på vidaregåande skule med fagretninga TIP (teknikk og industriell produksjon) med påbygg. - Neste mål er å søkje fast jobb som fagarbeidar her på verftet. Så får vi sjå om det blir meir skule ein gong i framtida, avslutta ein nøgd Lenoard med ein viktig milepåle nådd.