Myklebust på jobbmesse

HR- og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker og HR-medarbeidar Lena Anett Muren på NAV si regionale jobbmesse i Herøy.

HR- og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker og HR-medarbeidar Lena Anett Muren på NAV si regionale jobbmesse i Herøy.

Myklebust var representert med eigen stand då NAV arrangerte jobbmesse i Herøyhallen i Fosnavåg 01. oktober. Messa var ein lokal arena for jobbsøkjarar frå kommunane Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta, Volda og Sande.

Om lag 300 arbeidssøkjarar var innom første timen så oppslutninga var god, seier Ida Bigset Storaker. Om lag 40 verksemder var representert. - Vi møtte fleire interesserte søkjarar som vi skal følgje opp etter messa, avsluttar Ida. 

Mange på jobbmesse i Herøy.jpg

Mange jobbsøkjarar var innom jobbmessa Herøyhallen