Landstraum gjev grønare verft

Bedriftselektrikar Stig Hareide er den som koblar fartøya til landstraum ved Myklebust Verft.

Bedriftselektrikar Stig Hareide er den som koblar fartøya til landstraum ved Myklebust Verft.

- Det ligg i våre prosedyrer å påverke våre kundar slik at dei ligg mest muleg på landstraum, seier bedriftselektrikar Stig Hareide.

Der er mange fordelar med å koble fartøya til landstraum. For det første reduserer det utslepp til luft frå dieselmotorane. For det andre gjev det lavare støy frå verftet, noko som også er viktig for omgjevnadane. Ved å koble til landstraum vil fartøya også enklare kunne stenge ned ulike maskineri og system om bord for vedlikehald.

Ikkje alle fartøy kan koble seg til landstraum

Ikkje alle fartøy er rigga for å kunne drifte på landstraum. Det kan også gå på kapasitet der ein ikkje klarar å forsyne utstyr slik som vinsjar, kraner eller andre system om bord berre ved bruk av landstraum. Her kan vi ved nokre høve finne løysingar med å koble oss direkte til energisystema om bord.

Ulike frekvensar

Det er ei utfordring at fartøy opererer med andre frekvensar enn vi har på land-sida. Her vil Myklebust prøve å få til investeringar i frekvensomformarar slik at vi i enda større grad kan lykkast med å koble fartøy til straumnettet på land. Det har så langt ikkje lykkast med å finne støtteordningar for slike investeringar. Her er det no sett ned ei gruppe som skal sjå på ulike mulegheiter.

Mykje energi

For nokre år sidan gjorde vi ein jobb på søsterskiptet til AKOFS Seafarer som ligg her på verftet no (den gong var det Aker Wayfarer). Då hadde vi ikkje mulegheit til å forsyne med straum frå land. Dette fikk vi til på fartøyet som ligg her no. Det betyr at maskineriet blir stengt ned 24 timar i døgnet i mange månader.

Den daglege forskjela mellom desse to prosjekta målt i utslepp tilsvarar kvar dag utsleppet frå 600 personbilar. Straumen som går med tilsvarar behovet frå 150 bustader.

Ein viktig bonus for kundane våre er at det også er billegare å hente energien frå land direkte.

Alle fire prosjektasom ligg ved verftet i skrivande stund er tilkobla landstraum. Frå venstre: Sanco Sea, Sanco Sky, AKOFS Seafarer og Remøy.

Alle fire prosjektasom ligg ved verftet i skrivande stund er tilkobla landstraum. Frå venstre: Sanco Sea, Sanco Sky, AKOFS Seafarer og Remøy.

DagleglivGuest User2019