Det er viktig å vere klar om uhellet skulle vere ute

Sanitetsleiar Janne Larsen Hauge og brannvernleiar Ramunas Karanauskas var nøgde med innsatsen under øvinga.

Sanitetsleiar Janne Larsen Hauge og brannvernleiar Ramunas Karanauskas var nøgde med innsatsen under øvinga.

Det er viktig å være klar dersom uhellet først skulle vere ute. Siste onsdagen i august blei det gjennomført øving for sanitets- og brannmannskapa våre. Dette var ei god øving og det var betryggande å sjå korleis dei einskilde løyste oppgåvene sine. Sanitetsmannskapet blei leia av Janne og Brannmannskapet blei leia av Ramunas.

Kva betyr vel ein kjeledress. Når folk er skada så er dei skada..jpg

Bruk av markørar er viktig for å gje mest muleg realistiske øvingar…

Sjølve scenarioet var ei hending med brann/eksplosjon med påfølgjande personskader. Totalinntrykket frå øvinga var at alle leverte på ein god og trygg måte og der alle eventualitetar blei godt ivaretatt.

I etterkant blei alle samla i felleskap for ei evaluering av gjennomføringa. Ordet var fritt og inntrykket var at alle kom styrka ut med god læring for det vidare arbeidet for å ivareta alle si sikkerheit her på Myklebust Verft.

Til sist er det verdt å merke seg at denne noble og viktige rolla som industrivernet har stadig treng nye ressursar. Tilsette som ønskjer å vere med tek kontakt med HMS- og kvalitetsleiar Torben Sandvik