Frode Holm ny teknisk sjef

Frode Holm gled seg å ta fatt i ny stilling som teknisk sjef ved Myklebust Verft

Frode Holm gled seg å ta fatt i ny stilling som teknisk sjef ved Myklebust Verft

I september starta Frode Holm opp som teknisk sjef ved Myklebust Verft. Han skal leie ei ny-oppretta teknisk avdeling ved verftet og vert også ein sentral ressurs i verftet si toppleiing. Frode kjem frå ei leiarstilling i DNV GL der han hadde ansvaret for nybygg-aktiviteten i Noreg. Frode er busett i Ulsteinvik, er 54 år, gift og har to vaksne barn.

- Vi er stolte over få få ein slik kapasitet med på laget, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft. Frode har jobba i den maritime næringa i heile sitt liv, både i ulike posisjonar på verft og ikkje minst siste 21 åra i DNV GL-systemet. Han vil bli ei solid støtte for vår organisasjon både innan nybygg og ettermarknaden.

Frode er utdanna sivilingeniør (skip) frå Trondheim og Glasgow. Den nye tekniske avdelinga ved verftet har i dag 9 tilsette. Herunder ligg også ansvar for teknisk oppfølging av skrogbygging i Tyrkia.

DagleglivInge-Jonny Hide2019