Ocean Talent Camp

Prosjektleiar Marita Myrvågnes i lag med fotograf/HR-og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker klare til å ta imot studentar på den nye “reise-standen”.

Prosjektleiar Marita Myrvågnes i lag med fotograf/HR-og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker klare til å ta imot studentar på den nye “reise-standen”.

Den 24. september deltok Myklebust på arrangementet Ocean Talent Camp Møre. Arrangementet vart avholdt for sjuande gong, og i år var det påmeldt 24 bedrifter, 13 skular, 46 skuleklasser og heile 909 elevar frå 1. og 2. år på vidaregåande skule.  

Myklebust sin stand hadde mykje besøk gjennom dagen, både frå deltakarar på Ocean Talent Camp og elevar frå diverse studiar på Fagskulen og NTNU som ville høyre om jobbmogelegheiter. I tillegg fekk vi triveleg besøk frå tidlegare tilsette ved Myklebust som no studerer.

R%C3%B8rmodell.jpg

Ein av deltakarane fekk sjå rør-modellen først..

Vi arrangerte også konkurranse, der eit lag skulle sette saman rørdelar i eit bestemt mønster. Berre ein frå laget fekk sjå fasiten, og måtte forklare til resten av laget som skulle bygge raskast mogeleg. Dei raskaste laga cart belønna med Myklebust-caps. Ein populær konkurranse der fleire fekk opp pulsen og konkurranseinstinktet slo inn. Den raskaste tida var 1 minutt og 41 sekund, som var ein gjeng TAF-elevar med god kjennskap til rør.

Konkurranseinnstinkt.jpg

Konkurransen trigga

Raskaste tid var 1 minutt og 41 sekund..

DagleglivInge-Jonny Hide2019