Myklebust har vorte autorisert verft

Prosjektleiar Marita Myrvågnes var mellom dei som representerte Myklebust Verft på Ocean Talent Camp 2019 i Ålesund.

Prosjektleiar Marita Myrvågnes var mellom dei som representerte Myklebust Verft på Ocean Talent Camp 2019 i Ålesund.

I dag, 24. september, deltok Myklebust på arrangementet Ocean Talent Camp Møre. Arrangementet vart avholdt for sjuande gong, og i år var det påmeldt 24 bedrifter, 13 skular, 46 skuleklasser og heile 909 elevar frå 1. og 2. år på vidaregåande skule.  

 

Myklebust sin stand hadde mykje besøk gjennom dagen, både frå deltakarar på Ocean Talent Camp og elevar frå diverse studier på Fagskulen og NTNU som ville høyre om jobbmogelegheiter. I tillegg fekk vi triveleg besøk frå tidlegare tilsette ved Myklebust som no studerer.  

 

Vi arrangerte også konkurranse, der eit lag skulle sette saman rørdelar i eit bestemt mønster. Berre ein frå laget fekk sjå fasiten, og måtte forklare til resten av laget som skulle bygge raskast mogeleg. Dei raskaste laga vart belønna med Myklebust-caps. Ei populær konkurranse der fleire fekk opp pulsen og konkurranseinstinktet slo inn. Den raskaste tida var 1 minutt og 41 sekund, som var ein gjeng TAF-elevar med god kjennskap til rør.

DagleglivInge-Jonny Hide2019