Nye lærlingar på Myklebust

Frå venstre: Johannes Nørvåg, Jakob Andre Sandvik, Seymey Abdurahman Hussein og Håvard Gurskevik. Håvard har det daglege ansvaret for oppfølgjing av lærlingane ved Myklebust.

Frå venstre: Johannes Nørvåg, Jakob Andre Sandvik, Seymey Abdurahman Hussein og Håvard Gurskevik. Håvard har det daglege ansvaret for oppfølgjing av lærlingane ved Myklebust.

Måndag 17.august starta tre nye lærlingar på Myklebust Verft. Johannes Nørvåg frå Tjørvåg og Seymey Abdurahman Hussein frå Ulsteinvik skal ta fagbrev som industrirørleggar, og vil vere å treffe på røravdelinga. Jakob Andre Sandvik frå Gursken skal ta fagbrev som industrimekanikar, og vil vere å treffe på maskinavdelinga.

Frå tidlegare har vi to lærlingar på maskinavdelinga, og to TAF-elevar som no er på sitt andre år. Totalt vil vi no vere sju lærlingar på verftet, og i tillegg har vi to praksiskandidatar inne i samarbeid med Ulstein Kommune/MAFOSS. Før sommaren tok ein lærling fagbrev, og i 2019 tok heile fem lærlingar fagbrev på Myklebust.

Sjølv om vi akkurat no er inne i ei spesiell tid med lite arbeid, vil vi so langt som råd halde alle lærlingane i full gang. Vi ønsker dei nye lærlingane lukke til i arbeidskvardagen. Ta godt i mot dei!