Sommar på Myklebust

Her på Myklebust Verft ser vi mange klare teikn på at sommaren for fullt er i gang.

 
 
Frå venstre: Dennis Lilleeide, Hans Kristian Frågodt, Kevin Kristiansen, Madeleine Hauge Hide, Elise Marie Sandvik, Amanda Nilsen og Jonathan Sætre.

Frå venstre: Dennis Lilleeide, Hans Kristian Frågodt, Kevin Kristiansen, Madeleine Hauge Hide, Elise Marie Sandvik, Amanda Nilsen og Jonathan Sætre.

 

Vi har tilsett ni sommarvikarar i ulike stillingar i produksjonen, der dei har fylt inn for andre tilsette i ferieavvikling. Tidlegare i sommar har vi også hatt to sommarhjelper om bord i Akofs Seafarer, før dei gjekk ut på prøvetur. Dette er tidlegare tilsette og studentar som har ledige periodar, og då kjem tilbake til Myklebust som sommarvikarar. I tillegg til dette er totalt seks sommarhjelper tilsett for å drive med slått, rydding, desinfisering og måling.

For mange av sommarhjelpene er jobben på Myklebust Verft det første møtet dei har med arbeidslivet. Dei lærer om livet på verftet, korleis ein samarbeider og trygt gjennomfører arbeidsoppgåver. Ein del is har dei ete, og fleire skal det nok bli før perioden som sommarhjelp er over. Lyden av ein kanteklippar i det fjerne er no ein del av arbeidskvardagen til dei som jobbar på Myklebust Verft.

Dette er lyden av sommar.

Noko anna som også er lyden av sommar er måseskrik. Her på Myklebust prøvar vi å leve side om side med søte, små måseungar. Det er ikkje mange måsar som vel å hekke på Myklebust, men nokre har sett seg ut verftet som ein trygg plass for reirbygging og klekking av ein ny generasjon. Lyfter du blikket på veg gjennom porten og inn på verftet er du no vitne eit av livet sine små kvardagsmirakel.

Det yrer av liv på verftet om dagen, og følelsen av sola som varmar, smaken av is og grillmat og alle dei kjende lydane gjer at vi verkeleg kan ynskje sommaren velkommen.

Kva er sommar for deg?

Madeleine Hauge Hide
Sommarhjelp, Myklebust Verft