Studentar analyserer landstraum

Prosjektleiar Tormund Ellingsen Hauge frå Myklebust Verft bistår studentane Daniel Faye Saure, Stein Valvik Nygard, Stian Løvoll Tenden og Kristoffer Berge Kårstad.

Prosjektleiar Tormund Ellingsen Hauge frå Myklebust Verft bistår studentane Daniel Faye Saure, Stein Valvik Nygard, Stian Løvoll Tenden og Kristoffer Berge Kårstad.

Ei gruppe studentar frå Høgskolen på Vestlandet i Førde jobbar for tida med ei Bachelor-oppgåve der dei skal analysere korleis Myklebust Verft på beste måte kan rigge seg for å kunne levere 60Hz landstraum både til ettermarknadsprosjekt og til nybygg.

Mellom anna ligg det i arbeidet å finne ut kva konsekvensar dette vil ha med omsyn til miljøavtrykk, HMS og økonomi både for kundane og for Myklebust Verft. Bachelor-oppgåva skal være ferdig medio mai i år og vi ser fram til å studere resultatet.

Vi ønskjer lykke til med dette viktige arbeidet. Vi set også pris på den læringa dette samarbeidet tilfører verksemda vår undervegs.

DagleglivGuest User2020