Takk alle for 2019

kopp.jpg

På kalendaren står der 01. 01. 2020 og 2019 er historie. For nøyaktig eitt år sidan hadde Myklebust Verft nokre få ordrar å sjå fram i utover tidleg vinter – resten av året var tomt. Når vi i dag ser framover så er ein god del av kapasiteten for 2020 seld. Vi vel å vere optimistar ved inngangen til det nye året. Til hausten startar utrustninga av neste nybygg - bygg 75 som er ein brønnbåt til Sølvtrans.

Oppsummert blei 2019 eit svært hektisk år og ikkje minst lykkast vi med å lande fleire store kontraktar. Det er også svært positivt at Myklebust Verft igjen tenar pengar – for første gong sidan 2014. Prognosane tyder på eit positivt resultat, godt over det som låg i budsjettet ved årets start. Dette er svært viktigt i arbeidet med å trygge arbeidsplassar, skape verdiar for våre eigarar og ikkje minst ha tillit hos bank- og finansinstitusjonar. Det gjer også at våre kundar kan sjå på oss som ein langsiktig medspelar. På dei neste linjene vil eg summere opp nokre viktige milepælar og hendingar i året som no ligg bak oss.  

Ny strategi

I januar blei verftet sin strategi vedteken. Hovudpunkta i strategien er at vi skal halde fram med å vere eit kombinasjonsverft som før, men der målet er å dele kapasiteten meir jamt mellom nybygg og ettermarknaden. Med ettermarknaden meiner vi reparasjonar, vedlikehald og ombyggingar. Dette inneber ei målsetjing på mellom 1 og 3 nybygg i året og der ein i størst muleg grad søkjer kjende kundar, kjende design og kjend teknologi. Den store flytedokka er særskilt gunstig for mykje av offshoretonnasjen. Og, sidan Myklebust har ein organisasjon med komplett skipsbyggingskompetanse så skal ein også jakte oppdrag som inneber større ombyggingar eller oppgraderingar. Målet med alle prosjekt er å gjere ein så god jobb at kunden kjem tilbake. Målsetjinga om kundelojalitet er 50% innan nybygg og 70% innan ettermarknaden.  

AKOFS-kontrakten

Den 12. februar kunne vi endeleg invitere til kakefest for alle tilsette i samband med den første, store kontrakten etter Kleven-exit sommaren 2018. Ekstra hyggeleg var det at det var ein kjend kunde (AKOFS Offshore) som kom tilbake. Oppdraget med ombygginga av AKOFS Seafarer sikra også ein vesentleg del av sysselsetjinga i 2019 og arbeidsomfanget tilsvarte om lag eit typisk nybygg for Myklebust Verft. Prosjektet innebar også mykje arbeid til våre underleverandørar og var «spot-on» i høve til vår nyleg vedtekne strategi. Før jul nådde vi den viktige milepælen i prosjektet som innebar første prøvetur. Meir arbeid skal som planlagt utførast om bord fram til midten av mars 2020.  

Tyrkisk skrogverft

Etter å ha arbeidd ei halvt års tid med å finne eit nytt skrogverft tilpassa våre prosjekt så kunne vi endeleg i april signere kontrakt (med atterhald) om eit skrog tenkt til Sølvtrans-prosjektet som vi jobba med. Valet fall på Hat-San, eit moderne verft som ligg i Yalova-provinsen sør for Istanbul i Tyrkia.  

Ny brønnbåt-kontrakt

I juni kunne vi endeleg feire nybyggingskontrakt. Som kjent har vi levert to brønnbåtar til Sølvtrans og derfor var det ekstra hyggeleg at kunden valde å kome tilbake til oss for å kontrahere brønnbåt nr. tre frå verftet. Fartøyet vil vere ein forlenga versjon av dei to føregåande prosjektet, der mesteparten av design, arrangement, utstyr og teknologi vil vere lik det verftet allereie har levert. Dermed skal mykje av risikoelementa vere  kjende. Men, sjølvsagt er det spennande å bygge første skroget på eit for oss nytt skrogverft. Planen er at skroget skal kome til verftet etter ferien og levering skal skje i midten av mars 2021. Kontrakten innebar også at vi fekk på plass nye ressursar som skal følgje opp skrogbygginga i Tyrkia.  

Stengt verft..

Etter fleire år med drift gjennom heile sommaren så lykkast vi med å halde stengt verft i to veker i juli månad. Kanskje høyrest dette for nokre rart ut. Men, det er krevjande å avvikle ferie samstundes som der er full produksjon på verftet. Der er så mange ressursar som er avhengige av kvarandre og alle operasjonar vert meir tungvinte å gjennomføre. Pusteromet var kjærkome.  

Tilbakebetaling av lånet frå våre tilsette

Tidleg på hausten blei ein svært viktig og ikkje minst symbolsk milepæl nådd. Etter eit positivt vedtak i styret så kunne vi nemleg kunngjere at lånet som våre tilsette hadde ytt til verksemda (brutto om lag kr. 2,7 millionar) kunne betalast tilbake. Låneavtalen blei inngått før ferien i 2017 som eit heilt sentralt bidrag i å kome gjennom krisa som vi hadde kome opp i. Der og då var der kanskje få som trudde at ein ville oppleve å få tilbakebetalt desse pengane. Derfor var det ekstra fantastisk å kunne takke for lånet. Utan det gode samarbeidet med våre tillitsvalde i samband med låneavtalen og ikkje minst den store innsatsen og lojaliteten som våre tilsette viste gjennom denne krisa så hadde situasjonen vore enda meir dramatisk.  

Kleven-exit

Det at Hurtigruten tok over Kleven Verft sommaren 2018 gjorde at Myklebust Verft måtte etablere ei rekkje nye funksjonar. Dette arbeidet prega også mykje av året som no ligg bak oss. Med ny teknisk sjef og lønningsansvarleg på plass ut på hausten så var mesteparten av kabalen med å bygge ein sjølvstedig organisasjon etter exit Kleven gjennomført. I mars blei også ein større IT-operasjon gjennomført. I løpet av ei helg blei alle datamaskinar, telefoniløysing og alle forretningssystem flytta over til ei ny platform. Den omfattande jobben blei utført i samarbeid med Kleven sin IT-organisasjon og Tussa IKT, som har det daglege driftsansvaret for vår nye IT-platform.  

2019 oppsummert: Hektisk

I 2019 leverte vi ingen nybygg og all produksjon var knytt til ettermarknaden. Likevel hadde vi fullt køyr i heile 2019. I alt 22 farkostar var innom verftet, som i snitt hadde 3 fartøy ved kai eller i dokk. Kaiene har stort sett vore fullt utnytta og vi nådde 300 fartøy-døgn i dokka fordelt på 25 dokkingar. I snitt stod kvart fartøy 14 døgn i dokka. Dei største kundane i 2019 var AKOFS Offshore og dei lokale reiarlaga Sanco Shipping og Island Offshore. I sum enda kundelojaliteten på 86%, noko som vi både er nøgde og takksame for. Dette er på nivå med det som blei resultatet også i 2018. Mange leverte nybygg ei periode gjer at der i tillegg har vore mange prosjekt under garantioppfølging siste året.  

25 nye på laget

I 2019 har vi fått 25 nye personar med på laget og av desse heile 17 i produksjonen; 12 fagarbeidarar og fem nye lærlingar. To nye jobbar med byggetilsyn i Tyrkia og elles har vi tilsett nye leiarar innan HR, teknisk, prosjekt, kvalitet og HMS. Det samla talet på eigne tilsette er 134 i skrivande stund. Målet er å tilsetje fleire innan maskin, rør og stålutrustning. Vi søkjer også etter arbeidsleiar og assisterande arbeidsleiar på maskinavdelinga, samt ny innkjøpssjef. Vi gled oss til å få endå fleire flinke folk med på laget.  

Politisk

Myklebust Verft er svært skuffa over at Møre og Romsdal fylkeskommune vel å legge ned TAF-ordninga, der vi gjennom mange år har hatt eit godt og nært samarbeid med medlemsbedriftene i MAFOSS og Ulstein vidaregåande skule. Etter vårt skjøn burde der heller vere fleire tilbod om opplæringsløp etter denne modellen enn å kutte, slik det no vert gjort. Vi meiner vi som verft er ein viktig aktør og base for mange av dei maritime verksemdene i vår region. Vi har jamt over vore 400+ i arbeid samla på verftet i 2019. Ein vanleg dag er 30 ulike verksemder inne på verftet for å utføre sine tenester. Når vi som verft påpeikar kor viktig TAF-ordninga er, så burde fylket og våre fylkespolitikarar lytte og støtte opp om denne ordninga. Kva er det dei ser som vi ikkje ser?  

HMS

I alt vi styrer med i det daglege er tryggleiken til alle tilsette, våre underleverandørar og kundar det viktigaste. Bruk av personleg verneutstyr, vurdering av risiko i våre arbeidsoperasjonar og rett bruk av verktøy er noko av det som dagleg skal ha stor merksemd. Også i 2019 har det frå våre leiarar og tilsette vore arbeidd mykje med å bygge ein god HMS-kultur. Det er positivt at stadig fleire gjer observasjonar og rapporterer desse inn i form av RUH-skjema. Den gode trenden med at fleire skriv ned det som kan utgjere ein risiko for eigen og andre sin arbeidssituasjon må halde fram i det nye året. Eller ved å i det dagleg påpeike eller ta tak i potensielt farlege situasjonar på verftet. Alle har mynde til å stoppe ein aktivitet dersom ein meiner noko er farefullt. Vi er ikkje nøgde med talet på skadar i 2019, då særskilt skader på tilsette hos våre underleverandørar. Arbeidet med å motverke skadar må derfor ytterlegare intensiverast. Myklebust skal vere eit trygt og godt verft både å jobbe på og kome til for våre kundar. Den daglege sjukefråversoppfølginga er også viktig, både det som gjeld førebyggande arbeid og det som blir gjort under tilsette sitt sjukefråver. Prognosen for 2019 for våre tilsette er 4,5%, noko som er det lavaste på lang tid.  

Berekraft

Både innan nybygg og ettermarknaden er vi ein viktig og ofte avgjerande aktør i arbeidet med å gjere fartøy meir miljøvenlege. Ulike typar framdriftsløysingar blir stadig utvikla og montert om bord. Fartøya blir også stadig meir effektive, noko som også gjev høgare ytingar med same forbruk av energi. I 2019 har vi utført fleire ombyggingar der bruk av batteri er den del av løysinga. Men, det er også viktig at vi held fram arbeidet med å redusere utslepp frå vår daglege produksjon. I 2019 har vi mellom anna auka merksemda når det gjeld bruk av landstraum frå fartøya. Dette reduserer forbruk av fossilt drivstoff, samstundes som det reduserer støy frå verftet. Enda større merksemd mot berekraft vil vere viktig arbeid tida framover.  

0-0

Oppsummert har 2019 vore eit godt år for Myklebust Verft. Like sikkert er det at vi i det nye året startar på 0, som i ein fotballkamp. I lag med våre tilsette skal vi kvar dag jobbe hardt for å skape eit godt, inkluderande og trygt arbeidsmiljø der alle får bruke og utvikle sine evner. I nært samarbeid med våre leverandørar skal vi forstå kva dei ulike kundane våre ønskjer å få utført – og så skal vi levere dette. Lykkast vi med det så vil det gå oss godt.

Takk til alle eigne tilsette og tilsette hos alle våre leverandørar som har stått på og gjort godt arbeid i 2019 for alle våre felles kundar.

Takk til alle våre kundar - gamle som nye - som har valgt å legge oppdrag til oss.

Takk også til alle som heiar på Myklebust i kvardagen - det varmar og vert sett stor pris på.

Vi ser fram til eit godt og trygt samarbeid i 2020 og ønskjer alle eit framgangsrikt
Godt Nytt År.

Med helsing
Inge-Jonny Hide, dagleg leiar

DagleglivGuest User2020