AKOFS Seafarer på første prøvetur

AKOFS Seafarer forlet Myklebust Verft i morgontimane fredag 06. desember. Då hadde fartøyet lege ved verftet i 8 månader (ankom 06. april).

AKOFS Seafarer forlet Myklebust Verft i morgontimane fredag 06. desember. Då hadde fartøyet lege ved verftet i 8 månader (ankom 06. april).

Ein stor milepæl blei nådd då AKOFS Seafarer gjekk på sin første prøvetur i samband med ei større ombygging som er under utføring ved Myklebust Verft.

- Vi er no ferdig med den største delen av kontrakten og er glade for at vi nådde denne viktige milepælen, seier assisterande prosjektleiar Øyvind Sandvik ved Myklebust Verft. Det er venta at AKOFS Seafarer vil vere ute på prøvetur eit par vekers tid. Ved avgang frå verftet sette fartøyet kursen mot Voldsfjorden. Etter at første sjøprøvene er gjennomført så vil fartøyet gå tilbake til verftet og blir liggande der i jula. - Nokre seier vi har Sunnmøre sitt største juletre i år, seier Øyvind med eit smil.

AKOFS Seafarer Gurskefjorden.jpg

Tårnet er 60 meter høgt og ruvar godt.

Vi skimtar Gursken kyrkje og Myklebust Verft bak fartøyet.

Det er eit stort stykke arbeid som så langt har blitt lagt ned i prosjektet. Og ein stor innsats har vore lagt frå alle tilsette, AKOFS, underleverandørar og mannskapet om bord for å nå denne viktige milepælen. Som sikkert mange veit så skal AKOFS Seafarer inn på ei større kontrakt for Equinor våren 2020.

-Når vi startar på jobb igjen etter nyttår så vil arbeidet på prosjektet fram for fullt. Det er også planlagt fleire sjøprøver og testar av det omfattande utstyret som no vert montert om bord. Vi skal, slik planen har vore heile tida, vere ferdig med fartøyet i midten av mars månad neste år, avsluttar Øyvind.








DagleglivGuest User2019