Kortreist thrusterbytte

Røynde Ove Hatlebrekke frå Larsnes ryggar seg elegant på plass i dokka - klar for å hente nok ein Kongsberg-thruster.

Røynde Ove Hatlebrekke frå Larsnes ryggar seg elegant på plass i dokka - klar for å hente nok ein Kongsberg-thruster.

Liggande midt i den maritime klynga på Sunnmøre er det kortreist å gjennomføre thruster-bytte ved Myklebust. Ein halv-times tid tek det å køyre til Kongsberg si vedlikehaldsavdeling i Ulsteinvik.

I dette tilfellet er det Island Chieftain som er i dokka for 10-års klassing. 5 nyoverhala thrusterar står klare på kaia, medan dei brukte vert transporterte tilbake til Ulsteinvik for overhaling.

Med dette tek det berre ei god vekes tid å gjennomføre ein slik operasjon. Nærleiken til serviceverkstaden i Ulsteinvik har store fordelar for Myklebust og våre kundar. Innan ein times tid kan vi ha nye delar på verftet om det skulle vere nødvendig.

Godt teamarbeid.jpg

- Vår vurdering er at manuelle løftetaljar gjev best kontroll under slike operasjonar, seier arbeidsleiar Ingar Sandvik ved maskinavdelinga.

2019-09-02 13.56.43.jpg

Island Chieftain nettopp løfta ut av sjøen og klar for 10-års klassing

DagleglivGuest User2019