Vernerunder året rundt

Framfor det flotte skipet «Sanco Sea» i dokka: Ove Paul Olsen (HVO), Torben Sandvik (HMS), Torgeir Hjelle (VO) og Stan Valeriu (VO).

Framfor det flotte skipet «Sanco Sea» i dokka: Ove Paul Olsen (HVO), Torben Sandvik (HMS), Torgeir Hjelle (VO) og Stan Valeriu (VO).

Kvar veke blir det gjennomført vernerunder på verftsområdet og om bord i fartøya som ligg på verftet. Vi blei nyleg med på ei runde, som gjekk frå lageret og ned i dokka og vidare om bord i fartøyet Sanco Sea.

Sidan denne runda blei gjennomført i september og at ein ser fram mot mange hauststormar, så blei det på denne runda lagt ekstra merksemd på generell orden og ryddigheit. Det er fort gjort at friske vindkast tek tak i lause gjenstandar og bles dette på avvegar.

- Resultatet av runda er nok at vi har eit forbetringspotensiale, og sendar då med dette ei ekstra oppfordring om at vi blir litt flinkare til å rydde opp etter oss etter kvart som vi blir ferdig med jobben og utstyret, er oppsummeringa frå vernerunda.

 Det var mykje regn og vind denne dagen, men det stoppar hverken skipsbyggarane eller dei som gjennomfører vernetjenesta.

DagleglivInge-Jonny Hide2019