Myklebust vel Hareid Group igjen

Dagleg leiar Tor Marthin Sørli i HG Teknikk AS takkar Myklebust Verft ved dagleg leiar Inge-Jonny Hide for kontrakten på installasjonsoppdraget til bygg nr. 75 for Sølvtrans.  Til venstre ser vi innkjøpssjef Odd Magne Skotnes og heilt til høgre innkjøpar på det aktuelle prosjektet, Jan Frågodt.

Dagleg leiar Tor Marthin Sørli i HG Teknikk AS takkar Myklebust Verft ved dagleg leiar Inge-Jonny Hide for kontrakten på installasjonsoppdraget til bygg nr. 75 for Sølvtrans.
Til venstre ser vi innkjøpssjef Odd Magne Skotnes og heilt til høgre innkjøpar på det aktuelle prosjektet, Jan Frågodt.

Etter ei periode der Myklebust Verft nytta Brattvåg Elektro som elektroinstallatør på ein serie med nybygg så er det no inngått kontrakt med Hareid Group igjen.

Etter ei tid med forhandlingar blei kontrakten, som gjeld installasjon på bygg 75 til Sølvtrans, endeleg signert. Siste nybygget Hareid Group leverte sine produkt og tenester til ved Myklebust var til slaktefartøyet Aqua Merdø som blei levert sommaren 2018. Denne kontrakten blei signert for over tre år sidan.

Tor Marthin Sørli gledde seg til å reise tilbake til hovudkontoret på Hareid for å offentleggjere kontrakten. - Vi ser fram til å samarbeide igjen om eit nybygg, seier Sørli.

Hareid Group er også brukt som leverandør på ettermarknadsprosjekta og er ein nær og viktig samarbeidspartnar på slike prosjekt. Mellom anna utfører dei ein stor og krevjande jobb på AKOFS Seafarer-prosjektet.

DagleglivInge-Jonny Hide2019